fredag 13. februar 2009

Afrikansk start

Starten for danselinja vart litt meir omfattande enn planlagt. Først vart flyet forsinka i Bergen, dermed rakk dei ikkje flyet frå Amsterdam. Etter ei natt på flyplassen der kom dei seg greit med fly til Tanzania neste dag, men bagasjen hadde ikkje funne same veg. Etter eit par døgn i Bagamoyo er derimot alt på plass, og til tross for manglande bagasje har det vore flotte opplevelsar til no. Bagamoyo College of Art, som er vestafrika sitt størte collage for kunst og kultur, har både bydd på danseforestilling og dei har dansa sjølv. Dei har også fått sett byen frå innsida og nytt både sol og varme. I dag er det safari om står på dagsplanen så set dei kursen for Dar es salam. Då er dei på nytt inn i "internettsona" og vil legge ut ei oppdatering. (Dette er SMS oppdatering via Førde....)

Ingen kommentarer: